Leseplan-informasjon

God morgon!Prøve

God morgon!

Dag 3 av 4

Tilbakeblikksbøn

 

«Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

– Evangeliet etter Matteus 28,20

 

God morgon!

YouVersion · Day 3

Eg ser bakover. Eg ser tilbake på ei hending for 20 år sidan. Eg var nede for teljing. Eg hadde sagt opp leiarjobben min som følgje av ei konflikt. Eg var sliten og full av sorg. På vegen møter eg ein gamal kjenning. Han arbeidde som snekkar på same arbeidsplassen som eg. Han var pinseven. Vi likte kvarandre. Han brukte å kome inn på kontoret mitt for å dele ting som var viktig for han. No stod vi der saman – og han delte mi sorg og mitt nederlag, det var som om han tok det på seg. Men med eitt går det eit lys over andletet hans – slik det kan gjere når ei sanning går opp for oss – og min snekkarpinseven seier: «Geir, når Gud tillater sånt, da er det en forfremmelse på gang!»

Smil og tårer. Og eg kunne kjenne at det vart litt lettare å bere det som var tungt. 

Kva kjenner eg no når eg ser tilbake på dette møtet og denne tida i livet mitt? Det første eg kjenner, er ei varm glo av undring: Kor forfriskande det kan vere å sjå tilbake! I tilbakeblikket gjer eg ei ny erfaring her og no, eg reiser gjennom tida og oppdagar at det som var, ikkje er ei samling harde fakta, at fortida opnar seg, blir flytande. No ser eg ikkje berre at min pinseven hadde rett, at noko godt var på veg gjennom det bitre, eg ser livstråden min bli til, korleis lys og mørke, på heilt konkret måte er vevd saman. Og hjartet byrjar å syngje, min heilt personlege salme: Takk, takk, min Gud, takk for alt saman!

Ignatius av Loyola, kristen mystikar frå 1500-tallet og stiftar av jesuittordenen, kallar dette tilbakeblikksbøn. Gjennom eiga erfaring lærde han å skilje mellom det destruktive og det konstruktive tilbakeblikket, mellom det som dreg ned, og det som lyfter opp: å sjå tilbake for å bli var korleis Gud rørte ved deg i det som hende, korleis han arbeider i deg gjennom ditt verkelege liv, så du kan bli til deg sjølv, hans elska skapning. Vi bør ikkje gå til ro for natta, seier Ignatius, før vi har bedt tilbakeblikksbøna, før vi har sett på dagen med eit ømt blikk for å oppdage kva som verkeleg hende.

Dag 2Dag 4

Om denne planen

God morgon!

Les og høyr morgonandakter frå Geir Gundersen! «God morgon» er ei andaktsbok tett på Bibelen og tett på livet, og i denne leseplanen kan du lese og høyre fire av dei. Gundersen har halde morgonandakter i NRK i over 40 år...

More

Vi vil takke Bibelselskapet for å tilgjengeliggjøre denne leseplanen. For mer informasjon besøk bibel.no. https://www.bibel.no/

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring