Leseplan-informasjon

God morgon!Prøve

God morgon!

Dag 1 av 4

Smak og kjenn at Gud er god

 

Hugs den lange vegen som Herren din Gud førte deg desse førti åra i ørkenen.

– Femte Mosebok 8,2

 

God morgon!

YouVersion · Day 1

Til lukke med ein ny dag. I dag seier eg: Stans og sjå deg tilbake. Sjå på den vegen du har gått, sjå på den i tru. Smak og kjenn ein gong til på den maten du fekk.

Det finst dårlege måtar å sjå tilbake på. I det nostalgiske tilbakeblikket rømer vi frå den ubehagelege notida. Det er risikabelt å gjere fortida til gullalder. Slik legg vi notida død.

Eller vi kan la oss stendig på nytt fange i dei vonde minna. Om eigne feilsteg, eller aller helst om kor såra vi vart av andre sine feilsteg. Men det gode tilbakeblikket er den rette medisinen mot dei dårlege. Høyr korleis Moses gir folket sitt mot til å gå vidare gjennom å stanse og sjå tilbake:

Hugs den lange vegen som Herren din Gud førte deg desse førti åra i ørkenen. Han ville audmjuka deg og prøva deg og sjå kva som budde i hjartet ditt, om du ville halda boda hans eller ikkje. Han audmjuka deg; han lét deg svelta og lét deg eta manna, ein mat som korkje du eller fedrane dine kjende til. Slik ville han visa deg at mennesket ikkje lever berre av brød; mennesket lever av kvart ord som kjem frå Herrens munn (5 Mos 8,2–3).

Det har ein forbløffande verknad dette, å sjå seg tilbake i tru. Kvar gong eg ser på fortida med tru i blikket, endrar den seg. Det skjer bokstaveleg tala eit under framfor mine auge. Desse fakta frå fortida, dei eg trudde var så faste og urokkande, dei byrjar å røre på seg, det blir avstand mellom dei. I desse mellomromma finn eg stadig fleire spor av Han som også var der, min Far i himmelen.

Eg, Geir Gundersen, ser tilbake. Fordi utsiktspunktet stendig er nytt, oppdagar eg stendig nye trekk i landskapet. Barndomen opnar seg på nytt. Korsvegane i ung og vaksen alder kjem tydelegare fram og får ny meining. Eg går gjennom erfaringane mine på nytt, og får ei ny erfaring. Det er det ordet erfare betyr: å bli kjend i terrenget gjennom å gå på kryss og tvers i det. Så tåpeleg det var å tru at eg kjende fortida mi, at det ikkje var meir å hente der.

Eg ser tilbake i tru – og lik Moses stansar eg særleg ved vandringa gjennom øydemarka, tider som var tunge og harde. Kva eg oppdagar? At han førte meg heile vegen mot målet eg ikkje kjende. At han gjorde maksimalt ut av mine «ja» og var overberande med mine «nei», at han gav meg akkurat den maten eg trengde når eg var så trøytt at eg ikkje kunne gå eitt steg lenger.

Eg ser tilbake. Eg smakar og kjenner at Gud er god.

Dag 2

Om denne planen

God morgon!

Les og høyr morgonandakter frå Geir Gundersen! «God morgon» er ei andaktsbok tett på Bibelen og tett på livet, og i denne leseplanen kan du lese og høyre fire av dei. Gundersen har halde morgonandakter i NRK i over 40 år...

More

Vi vil takke Bibelselskapet for å tilgjengeliggjøre denne leseplanen. For mer informasjon besøk bibel.no. https://www.bibel.no/

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring