YouVersion Logo
Search Icon

Lukas 22

22
Jesu liding og død
(Kap. 22–23)
Samansverjing mot Jesus
(Matt 26,1–5.14–16; Mark 14,1–2. 10–11)
1 # 2 Mos 12,1ff # 22,1 høgtida med usyra brød opphavleg ein jordbruksfest som varte ei veke og tok til med påska. =festar og høgtider. Det nærma seg no høgtida med usyra brød, som dei òg kallar påske. 2#19,47f; 20,19 Overprestane og dei skriftlærde prøvde å finna ut korleis dei kunne få Jesus drepen, for dei var redde folket.
3 # Joh 13,2.27 # 22,3 Satan >10,18. Iskariot >6,16. Då fór Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og som var ein av dei tolv. 4#22,4 tempelvakta tenestemenn under Det høge rådet som øvstepresten rådde over. Jf. 22,52; Apg 4,1; 5,24. =vaktstyrken. Han gjekk av stad og tala med overprestane og leiarane for tempelvakta om korleis han kunne gje Jesus over til dei. 5Dei vart glade og lova å gje han pengar. 6Judas gjekk med på dette, og sidan leita han etter eit høve til å gje Jesus over til dei når han ikkje hadde folkemengda omkring seg.
Det siste måltidet
(Matt 26,17–19; Mark 14,12–16)
7 # 22,7 påskelammet vart slakta på tempelplassen og ete når familien hadde festmåltid om kvelden. =festar og høgtider. Så kom den dagen i høgtida med usyra brød då påskelammet skulle slaktast. 8Jesus sende Peter og Johannes i veg og sa: «Gå og gjer i stand for oss så vi kan halda påskemåltid.» 9«Kvar vil du vi skal gjera i stand?» spurde dei. 10#22,10 ein mann … vatn Normalt var det kvinnene som henta og bar vatn. Han svara: «Når de kjem inn i byen, kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja til det huset han går inn i, 11og så skal de seia til han som eig huset: ‘Meisteren spør: Kvar er rommet der eg kan halda påskemåltid saman med læresveinane mine?’ 12#22,12 eit stort rom ovanpå Det vart ofte innreidd eit ekstra rom oppe på det flate taket på eit vanleg hus. med teppe og puter Når dei heldt festmåltid, låg dei mannlege gjestene til bords på låge benker dekte med teppe. =bordskikkar. Han skal visa dykk eit stort rom ovanpå med teppe og puter. Der skal de gjera i stand.» 13#19,32 Så gjekk dei og fann det slik som han hadde sagt, og dei gjorde i stand påskemåltidet.
Nattverden
(Matt 26,20–29; Mark 14,17–25)
14Då tida kom, gjekk Jesus til bords og apostlane med han. 15Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk før eg skal lida. 16For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta påskemåltidet før det har vorte fullenda i Guds rike.» 17#22,17 takkebøna Det var jødisk skikk å seia fram ei fast bordbøn. Så tok han eit beger, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. 18For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» 19#1 Kor 11,23ff Så tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Dette er min kropp, som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» 20#Jes 53,12; Jer 31,31ff; Sak 9,11; Hebr 8,6+#22,20 den … blod Blodet frå døden som ventar Jesus, blir samanlikna med blodet av offerdyret, som i den gamle pakta stadfeste forsoninga mellom Gud og menneske. Jf. 2 Mos 24,8. Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir utrent for dykk.
21 # Joh 13,21f Men sjå, han som svik meg, har handa her på bordet saman med meg. 22Menneskesonen går bort, som det er fastsett. Men ve det mennesket som svik han!» 23Då tok dei til å tretta med kvarandre om kven av dei det kunne vera som skulle gjera dette.
Avskilsord til dei tolv
24 # 9,46 No vart det òg strid mellom dei om kven som skulle reknast som den største. 25#Matt 20,25ff; Mark 10,42ff Då sa Jesus til dei: «Kongane herskar over folka sine, og dei som rår, blir kalla velgjerarar. 26Men slik er det ikkje hos dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og leiaren skal vera som ein tenar. 27#Joh 13,4ff For kven er størst, den som er gjest ved bordet, eller den som er tenar? Er det ikkje gjesten? Men eg er midt iblant dykk som ein tenar.
28De er dei som har halde ut hos meg i prøvingane mine. 29#12,32 Og no overlèt eg riket til dykk, slik som Far min har overlate det til meg: 30#Matt 19,28; Op 3,21 De skal eta og drikka ved mitt bord i mitt rike og sitja på troner og dømma dei tolv Israel-stammane.
31Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite. 32Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine!» 33«Herre», sa Peter, «med deg er eg klar til å gå både i fengsel og i død.» 34#Matt 26,34; Mark 14,30; Joh 13,38#22,34 Hanen skal ikkje gala Vanlegvis vil ein høyra dei første hanegala ved tretida om morgonen. Men Jesus svara: «Eg seier deg, Peter: Hanen skal ikkje gala i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.»
35 # 9,3; 10,4 Så sa han til dei: «Då eg sende dykk i veg utan pengepung eller veske eller skor, mangla de då noko?» «Nei, ingen ting», svara dei. 36«Men no», sa han, «må den som har pengepung, ta han med, og like eins den som har veske. Og den som ikkje har sverd, får selja kappa si og kjøpa seg eit. 37#Jes 53,12 For eg seier dykk at det må oppfyllast på meg, det ordet som står skrive: Han vart rekna blant lovbrytarar. For det som er fastsett om meg, skal no fullendast.» 38Då sa dei: «Herre, sjå, her er to sverd.» «Det er nok!» svara han.
I Getsemane
(Matt 26,36–46; Mark 14,32–42)
39 # 21,37; Joh 18,1 Så gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget som han hadde for vane, og læresveinane følgde han. 40#22,40 dit Getsemane. >Matt 26,36. freisting kan òg omsetjast «prøving», «det å bli sett på prøve». Då han kom dit, sa han til dei: «Be at de ikkje må koma i freisting!» 41#Hebr 5,7f Han sleit seg frå dei så langt som eit steinkast, fall på kne og bad: 42#22,42 Far Jf. 11,2. Ein slik måte å innleia ei bøn til Gud på er utan sidestykke i jødisk bønespråk. Jf. også Rom 8,15; Gal 4,6. «Far, om du vil, så ta dette begeret frå meg! Men lat det bli som du vil, ikkje som eg vil!» 43#22,43–44 Ein engel … jorda. Versa manglar i nokre handskrifter. {{Ein engel frå himmelen synte seg då for han og styrkte han. 44Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg, så sveitten hans fall som bloddropar ned på jorda.}} 45Då han reiste seg etter bøna og kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, overvelda av sorg. 46«Korleis kan de sova?» spurde han. «Reis dykk og be at de ikkje må koma i freisting!»
Jesus blir teken til fange
(Matt 26,47–56; Mark 14,43–50; Joh 18,2–11)
47Før han hadde tala ut, kom det ein stor flokk, og han som heitte Judas, ein av dei tolv, gjekk føre. Han gjekk bort til Jesus for å kyssa han. 48Då sa Jesus: «Judas, svik du Menneskesonen med eit kyss?» 49Dei som var med Jesus, skjøna korleis det kom til å gå, og spurde: «Herre, skal vi gripa til sverd?» 50Og ein av dei hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyret. 51Men Jesus sa: «Lat det vera med det!» Og han rørte ved øyret til tenaren og lækte han.
52Så sa han til overprestane og leiarane for tempelvakta og dei eldste, dei som var komne og ville gripa han: «De kjem med sverd og stokkar som om eg var ein røvar. 53#19,47; 21,37 Dag etter dag var eg saman med dykk på tempelplassen; då la de ikkje hand på meg. Men dette er dykkar time, no er det mørkret som har makta.»
Peter fornektar Jesus
(Matt 26,69–75; Mark 14,66–72; Joh 18,12–18.25–27)
54 # Matt 26,57f; Mark 14,53f Dei tok han og førte han til huset åt øvstepresten. Peter følgde etter, eit langt stykke bak. 55Midt inne på gardsplassen var det gjort opp ein eld som dei samla seg rundt. Peter slo seg ned blant dei som sat der. 56Ei tenestejente fekk sjå han sitja der i lyset frå elden. Ho stirte på han og sa: «Denne mannen var òg saman med han.» 57Men Peter nekta og sa: «Eg kjenner han ikkje, kvinne!» 58Litt etter la ein annan merke til han og sa: «Du òg er ein av dei.» «Nei, det er eg slett ikkje», svara Peter. 59Men ein times tid etter var det ein til som slo fast: «Visst var denne mannen òg med han! Han er då galilear.» 60Men Peter sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om, menneske!» I det same, før han hadde tala ut, gol hanen. 61#22,34 Då vende Herren seg og såg på Peter, og Peter kom i hug det Herren hadde sagt til han: «Før hanen gjel i natt, skal du fornekta meg tre gonger.» 62Og han gjekk ut og gret sårt.
Jesus for Det høge rådet
(Matt 26,59–68; Mark 14,55–65; Joh 18,19–24)
63Mennene som heldt vakt over Jesus, spotta han og slo han. 64Dei batt for auga hans og sa: «No kan du vera profet! Kven var det som slo deg?» 65Og dei hånte han på mange andre måtar òg.
66 # 22,66 Rådet den høgste domstolen og styringsorganet hos jødane under romersk herredøme. =Rådet. Det høge rådet. Då det lysna av dag, kom eldsterådet i folket saman; overprestane og dei skriftlærde var òg med. Jesus vart ført fram for Rådet, 67og dei sa: «Er du Messias, så sei oss det.» Han svara: «Om eg seier det til dykk, trur de meg ikkje, 68og om eg spør, svarar de ikkje. 69#Sal 110,1; Dan 7,13; Luk 21,27+ Men heretter skal Menneskesonen sitja ved den mektige Guds høgre hand.» 70Då spurde dei alle: «Så er du altså Guds Son?» Han svara: «De seier sjølve at eg er det.» 71Då sa dei: «Kva skal vi no med vitneutsegner? Vi har sjølve høyrt det av hans eigen munn.»

Currently Selected:

Lukas 22: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy